BOKBISTRO // Boklansering av "Sitka" av Ane Barmen
Sat 5th October 2024
Bøgata 21, Oslo
gyldendal
bokbistro
boklansering
Boklansering av "Sitka" av Ane Barmen
Velkommen til lansering av Ane Barmen si nye novellesamling, "Sitka".
Forfattaren vil lese utdrag frå boka, det blir talar og høve til å kjøpe signerte eksemplar.
Arrangementet er i Storsalen frå kl. 19 og er ope for alle. Vil ein ete mat i restauranten i forkant oppfordrar vi til å bestille bord.
Velkommen!
Bordbestilling: kampenbistro.no
Om boka:
Sitka av Ane Barmen
Ein ung mann må ha veslebror sin på slep på audition med eit death metal band. Ei nybakt mor heimsøkast av Ingvild Bryn. Ein gut utan jegerprøve går på hjortejakt med far sin.
Dei fem novellene i Sitka handlar om når ting ikkje blir heilt sånn ein hadde tenkt. Om sånt ein gjer i beste meining, men som går heilt gale. Om å lekke væske i alle endar, om galne buhundar og mødrer som luktar sløyd.
Om forfattaren:
Ane Barmen (fødd 1984) er utdanna skodespelar og musikkvitar og har gått på Gyldendals skriveskule. Ho jobbar som skodespelar, skribent og bibliotekar.
Draumar betyr ingenting (2019) var debutromanen hennar, og for den fekk ho Brageprisen i kategorien Barne- og ungdomslitteratur. Boka blei også nominert til Nordisk råds litteraturpris.
Ho har sidan gjeve ut vaksenromanen Pappa var nesten på Woodstock (2021) og barneboka Tone! (2024).
Sitka er hennar fyrste novellesamling.

Date:
Sat 5th October 2024
Doors:
17:00
Curfew:
21:00
Filed under:
#gyldendal #bokbistro #boklansering
Event type:
Literature
Minimum age:
18
Cover price:
Free Entry