Bankhvelv
Sun 6th April 2025
Vikaterassen, Ruseløkkveien 3, Oslo
Folk
jazz
release
Sundag 6.april kl 18.00 blir det lanseringskonsert med Bankvelv på Juret! Den sjølvtitulerte debutplata kjem digitalt den 11.april på NYE NOR, så dette blir ein finfin smakebete.

Bankvelv består av Heidi Kvelvane og Symre Taugbøl Bang og dei spelar springar og rull frå Voss, Hardanger og Sogn. Dei har lært alle slåttane i meistertradisjon på hardingfele og akkordion før dei har overført og arrangert for saxofon og gitar. Resultatet er leikne improvisasjonar i hendene, med den originale danseslåtten i hovudet.

På konsert presenterer dei begge variantar, noko som har gjeve gode tilbakemeldingar frå folkemusikk-nerder, jazz-entusiaster og alle andre musikkglade!

Her kan du forhåndlagre plata som kjem 11.april! https://orcd.co/6vyvbjq


Medvirkande:
Heidi Kvelvane - akkordion og saksofon
Symre Taugbøl Bang - hardingfele og gitar

Billetter selgast i døra: 150kr
Konsertstart: 18.00
Date:
Sun 6th April 2025
Doors:
16:00
Curfew:
18:00
Filed under:
#Folk #jazz #release
Event type:
Concert
Cover price:
159