Esters folkemusikk: Tostemt
Fri 2nd May 2025
Vikaterassen, Ruseløkkveien 3, Oslo
Folk
vokal
jam
Denne fredagen er det prosjektet TOSTEMT som består av Øyonn Groven Myhren på vokal og lyre, og Marit Karlberg på vokal og langeleik, som toppar plakaten.
Finurlege arrangement, rytmisk snert, humor og varme – ein variert konsert med det smale konseptet tostemt slåttetralling, supplert med lyarlåttar og danseviser akkompagnert med lyre og langeleik.
Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg var sentrale i vokalkvartetten Dvergmål, som gav ut platene “Visor og kvæde frå Blåberglandet" (Grappa, 1996) og "Song i himmelsalar" (Heilo/Grappa, 2004), den fyrste Spellemannpris-nominert.
No, over 25 år seinare, har dei to tatt opp att tråden, og fordjupa seg i slåttetralling og hardingfeleslåttar frå Telemark og Valdres, som dei har overført til vokalt duoformat. Dei har også funne fram eit knippe danseviser som dei syng med lyre- og langeleikspel til.
Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg er av våre fremste kvedarar med ei lang rekkje soloplater, prosjekt, prisar og kappleikssigrar i bagasjen. Øyonn er nok mest kjend for samarbeidet med Odd Nordstoga om tingingsverket “Nivelkinn”, og Marit kjenner mange som eine halvparten av duoen Sudan Dudan.
Etterpå blir det jam eller solospel, så ta med instrumenter.
Konsertstart kl 20

Date:
Fri 2nd May 2025
Doors:
18:00
Curfew:
18:00
Filed under:
#Folk #vokal #jam
Event type:
Concert
Cover price:
Check with venue